Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender Statsforvaltaren i Vestland ut forslag om vern av Osøyra naturreservat på høyring. Tilbodsområdet Osøyra er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.20220707 osen

Omrlådet strekker seg som vist på kartet nesten frå Osstrupen bru - opp på Mannen og langs Vikafjellet og ned til Svardalsvatnet. Vidare langs Håsteinen og ut mot brua igjen.

Verneverdiar på Osøyra
Osøyra har verneverdiar av høg kvalitet og tilbodsområdet vil kunne dekke viktige manglar i skogvernet i Vestland. Innanfor tilbodet er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar av ulik storleik. To av disse er store, gamle tre av eik. Fem av naturtypelokalitetar er av regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Både boreal regnskog med furu og fattig boreonemoral regnskog vil kunne bidra til å sikre eit meir representativt utval av skog i fylket for framtida.

Innspel til oppstartsmeldinga
Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 29. april 2022. Innan fristen den 26. mai fekk vi inn 8 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Osøyra som naturreservat.

Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Det er også mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til

Frist for å kome med innspel er 1. september 2022.

Les meir hos Statsforvaltaren i Vestland

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu