Helene Myklemyr Trio22.nov kl. 19.00 er det konsert i kyrkja. Dette er eit arrangement for å markere at kyrkja er pussa opp og vore stengd i ein lang periode. Trioen som skal spele er:

Helene Myklemyr Bolstad er kyrkjemusikar på trekkspel i Luster. På landsbasis er det svært få i Den norske kyrkja som har trekkspel som hovudinstrument. Ho har opprinneleg sin bakgrunn i tradisjonsmusikken frå heimbygda Jostedalen, men har også vore innom ulike sjangerar og musikkgrupper fram gjennom åra, og er soleis ein allsidig utøvar og akkompagnatør. Ho syner på denne måten kor allsidig trekkspelet eigentleg er.

Hege Alme kjem frå Gloppen og har siste tida profilert seg som ein habil songar i Nordfjordregionen. Ho har hatt oppdrag både som solist og i grupper, som i t.d. «Tre kvinner og ein mann» «Hege & Jørn» og som solist med Breimskoret.

John Oddvar Kandal er felespelar, eller bygdespelemann som han helst likar å kalle seg. Han kjem frå Breim og har vidareført tradisjonen etter dei gamle spelemennene i heimbygda, vore instruktør og brubyggjar mellom generasjonane i sin sjanger.
Trioen har hatt ulike oppdrag i konsertsamanheng både i kyrkjer, på eldreinstitusjonar og andre konsertlokale. Repertoaret femner om både tradisjonell folkemusikk, populærmusikk, viser og religiøse folketonar. Dei inviterer også til fellessong.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu