Nyheter 2022

20221023 EikefjordsogaEikefjordsoga er oppdatert med fleire artiklar den siste tida. No er historia til dei fleste butikkane i Eikefjord før år 2000 komme inn på sida. Berre ein av butikkane mangler, men vil komme med så snart alle relevante data er samla inn.

Det er også lagt ut reportasje om Sundefjellstunellen og nokre reportasjer under fana "Diverse".

Etter planane har no NCC sitt asfaltverk på Nesjane ei veke igjen før dei stenger. Mange i Eikefjord gleder seg til nedstenging. Dei opplever store støvplager og luktplager, samt at verket har vore i drift også i helgane.

Les meir i Firdaposten

Eikefjord Idrettslag har nyleg teke over den daglege drifta av hallen i bygda.

– Hos oss fyller vi hallen med aktivitetar måndag til torsdag med eigne lag; fotball, handball, basket, saltrening, friidrett og så vidare.

Men når ein kjem til helga og fredag ettermiddag er det langt mellom øktene, seier leiar i idrettslaget Per-Øyvind Sørbø til Firdaposten.

No vil dei gjere det dei kan for å fylle opp dei ledige flatene.

– Det treng ikkje nødvendigvis vere eit idrettslag. Det kan vere ein vennegjeng som vil leige hallen og spele fotball frå fire til seks ein ettermiddag. Det kan vere klubbvenninner som vil ha trening, og det kan vere andre lag og organisasjonar som kan bruke hallen.

Onsdag tok Eikefjord IL i mot Haugen i returoppgjeret i sluttspelet i 6. divisjon på kunstgraset i Florø. Det sto om opprykk til 5. divisjon, og ein mogleg kretsmeisterfinale. 

Haugen vann den første kampen 2-1, men Eikefjord slo tilbake og vant 2-0 i Florø.

Eikefjord er dermed klare for opprykk, men kan ikkje svare no om dei vil ta dette opprykket.

No skal dei konsentrere seg om seriefinalen mot Årdal 2. Den kampen går i Skeihallen på laurdag.

Les meir i Firdaposten

20220907 Kyrkja tak01Som tidlegare skrive om er det eit stort arbeid på taket i kyrkja. (Les her). 

Ein god del av taket er ferdig dekt med ny takstein medan andre delar av taket er under arbeid.

Ser ein godt etter er det ikkje berre gamle byggemåtar som blir brukt. Over sutaket er det bruk ein duk som er vasstett, men dampåpen. Damp vil sleppe ut, men vatn vil ikkje sleppe gjennom.

Det er også komme igang arbeid på spiret. Som ein ser av bilde nederst er det komme kopar på nokre sider av spiret. Når arbeidet er ferdig vil det nok bli eit storslått syn med spiret i glansande kopar.

20220907 Kyrkja tak04

20220907 Kyrkja tak03

20220907 Kyrkja tak05

Les også om spiret i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu