Nyheter 2022

Fredag kunne leiar i Eikefjord Idrettslag, Per Øyvind Sørbø, nestleiar i fotballgruppa Marius Kjellevold og banemeister Even Hamn ønske banksjef Ole Aukland frå Sparebanken Sogn og Fjordane velkommen til Eikefjord Stadion. Med seg i baklomma hadde banksjefen ein sjekk på 100.000 kroner til ny belysning på Eikefjord Stadion. Det vil vere prikken over i'en på det flotte anlegget. 

Even Hamn har også snikkert nye innbyttarbenkar så no sit innbyttarane godt i overbygde skur måla i Eikefjord IL fargar.

Problemet med småstein i grusen som ligg i kunstgraset er ikkje løyst endå, men leverandøren er på saka og ein reknar med at det vil løyse seg etter kvart.

Les meir i Firdaposten

20220601 parkering01Ullaland er i ferd med å lage parkeringsplass ved Sørelva. Denne parkeringsplassen vil betre trafikkforholda når barn skal leverast og hentast i barnehagen.

Det vil også være ein godt egna parkeringsplass for den populære turstien i Sørmarka.

Det er også her avkøyring til byggefelt lengre innover mot Skaret og Florshaugen vil komme.

20220601 parkering02

Statens Vegvesen har vore på kontorll rundt om i Sogn og Fjordane, blandt anna i Eikefjord. Her gav ei dieselprøve frå ein personbil positivt utslag på avgiftsfri diesel. Prøva blir vidaresendt til skatteetaten for analyse og vidare handsaming.

– Både sjåfør og eigar er ansvarlege for at bota vert betalt, og den er på 20.000 kroner om dette er første gong vedkomande blir tatt for dette. Om det har skjedd tidlegare, og om det er ein bil som blir brukt i næringssamanheng blir satsane høgare. Det blir fort dyrt, seier inspektør Jens Olav Bertelsen ved Statens vegvesen i Bergen.

Les meir i Firda

20220601 skjelsand02Store mengder skjelsand er køyrt til badestranda på Sørbøen. No skal det bli kvit og fin strand til badesesongen.

For å få tilkøyrt sanden er det laga ein midlertidig vei over graset. Det vil nok ta litt tid før denne lille biten kan brukast igjen.

Utjamning av sanden er igang så no er det berre å vente på godveir igjen.

 

 

20220601 skjelsand01

Det er også planlagt arbeid på grillbua. Her skal det leggast nytt torvtak. Torva, levert av Nittedal torvtak, ligg klar for å leggast.

20220601 grillbu

På søndag skal konfirmantane frå Eikefjord konfirmerast. På grunn av vedlikehold av Eikefjord kyrkje må eikefjordingane reise til Florø kyrkje for å få utført den kyrkjelege handlinga. Det er sikkert over 200 år sidan eikefjordingane måtte ut av bygda for å bli konfirmerte, den gang i kyrkja på Svanøy.

Florø kyrkje søndag 5. juni klokka 10.30 

Anfinn Andreas Grytten

Hedda Kristin Austreim

Hedda Hallstensen

Emilie Beathe Håøy

Sara Holsen Holsen Espe

Ingeborg Humlestøl-Titlestad

Jacob Osa Havn

Mathias Alexander Øren Banne

Daniel Berget

Dani-Aron Østhus Pedersen

Leander Yndestad Isaksen

Vetle Stegane Storevik

Steffen Steindal Sandvik

Espen Berget

Asbjørn Due

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu