Nyheter 2022

I Kleiva ved sida av Kleivafossen og like nedanfor Kvile er ein del rotvelt på stien mot Eikefjordstøylen.  Store tre er knekt av og ligg over stien i lag med andre tre som har velta.

For å komme forbi dette må ein klatre over dei velta trea som ligg midt i stien.

Det er ikkje heilt trygt å gå forbi her for eit stort tre har rotvelta og står og lener seg mot eit anna tre. Litt bevegelse her og treet vil falle ned på stien.

Oppmodinga blir å bruke andre stiar til dette partiet er rydda.

20220213 sti kleiva

Heilt sidan november 2020 har nedgang i ordrar ført til permitteringar hos Brødrene Aa. To år med pandemi og nærast kollaps i reiselivsnæringa, får no følgjer også for dei tilsette.

Det er mellom 10 og 15 tilsette i Eikefjord, i hovudsak personell innan skrogproduksjonen som no blir ståande utan jobb. Dei som blir oppsagde vil ha fortrinnsrett til ny jobb i eit år framover, viss verksemda kan auke bemanninga igjen.

 

Ein bil har fått sleng og krasja i fjellveggen ved Knapstad mellom Eikefjord og Storebru søndag kveld i 22 tida. Det er meldt om glatte vegar i området.

Det er ikkje meldt om personskader og køyretøyet er henta av bilbergar etter ein times tid. 

Prosjektet med oppgradering av bruene i Hovlandsvegen er i rute. Prosjektledar Bjørn Andre Storøy forventer at anbud blir lyst ut før påske og at arbeidet kan være i gang etter sommarferien.20200105 bru hovlandsvegen

Dei planlegg å ta den inste brua først. I anleggsperioden vil vegen være stengd og trafikken må gå om Knapstadbakkane. Knapstadbakkane er stengd for tyngre køyretøy så her må vegen opnast for tungtrafikk i denne perioden.
I denne perioden må skuleelevane køyrast via Knapstad til skulen og bruk av idrettsanlegget i Kvalvik blir vansklegare.
Busstilbudet vil nok også bli vanskeleg i perioden med bygging av bruene. For sentrum kan ein nytte Knapstadbakkane, men for Hovland kan det bli ein periode uten busstilbud.

Når ein skal bygge bru innanfor stadion har ein prosjektert med ei midlertidig gangbru ovanfor dagens bru.

Oppgradering av Hovlandsvegen og bygging av gang/sykkelveg er enda ikkje koordingert med brubygginga. Dette er noko dei jobbar med i Fylkeskommunen.

Begge brøytebilane som held strekninga mellom Naustdaltunnelen og Brandsøy havarerte seint måndag kveld. Mellom klokka 22.55 og 03.00 var bilane ute av drift. Ein veit ikkje kva som forårsaka havariet, men  entreprenør kom til staden og ordna problemet.

Les meir i Firda

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu