Nyheter 2022

17 mai Eikefjord 2022

Det vert ekstraordinært årsmøte for Eikefjord Grendalag 23.05.22 kl 19.30 på Allhuset. Val 2022 står på Sakslista. 

Vel møtt🙂

Hanne basketHanne Løkkebø Nybø signerte i dag for Lincoln University Missouri, der ho dei neste 4 åra skal studere og spele basketball. Ho har fått eit scholarship i basketball.

Dette har lenge vore draumen til Hanne, å gå på college i USA og spele basketball.

Ho begynte si karriere i Eikefjord basket der blant anna det første jentelaget tok sølv i Hansa cup. Så fortsatte turen til Bergen der ho har spelt for Ulriken Eagles, og gått på Metis videregående skule med toppidrett basket. Ho har vore fast på dei aldersbestemte landslaga sidan ho var 15 år.

Så no går turen til USA der eit nytt eventyr starter. 

Kilde: Eikefjord IL

Odd Asle Endestad gav i 2016 ut heftet om skulane i Eikefjord, med vekt på skulehusa. No er dette heftet lagt ut på eikefjordsoga.no.

Trykk på "offentleg" oppe i menyen og du finn linker til dei forskjellige skulane og andre reportasjer.

Følg med på eikefjordsoga her vil det frå tid til anna dukke opp forskellige karameller.

Er du ein av dei som nyttar stranda på sommeren, eller har barn eller andre bekjente som ofte er der, eller rett og slett synes det er stas at vår vakre strand og omegn blir brukt mykje og vil at det skal sjå bra ut?

Det er nå tid for klargjøring til sommersesongen og vi innviterer alle til å vere med på vårdugnad 28.04.22 kl 17.00-19.00. 

Ta gjerne med rive-spade- trillebår- utstyr til å luke gras- krapse- kost og godt humør. 

Har du traktor er det flott om du tar den med. 

Eikefjord Grendalag stiller med saft- kaffi og kjeks/is.

Vi møtes på stranda kl 17.00

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu