Terminliste  
Skisesongen 2023  
Eikefjord I.L.  
Skigruppa

 

1. Søndag 08. Januar Cuprenn, Klassisk Start kl. 14
2. Søndag 15. Januar Cuprenn, Fristil Start kl. 14
3. Tysdag 17. Januar Cuprenn, Klassisk Start kl. 18
4. Søndag 29. Januar Cuprenn, Fristil Start kl. 14
5. Søndag 05. Februar Cuprenn, Klassisk * Start kl. 14
6. Søndag 12. Februar Flora Meisterskap Start kl. 14
7. Tysdag 19. Februar Cuprenn, Fristil Start kl. 18

*Cuprenn 5 februar blir arrangert som langløp: 10 km Damer og 20 km Herrar

Påmelding: Vi ønsker påmelding til Dagfrid Humlestøl (91141433) kvelden før renna. Send tekstmelding med namn og alder på den du ønsker å melde på. Etterpåmelding seinast same dag en halv time før start (1330(1730))
Alle som skal delta bør være medlem av Eikefjord IL, skigruppa.

Været rår vi ikkje med. I dårleg vær kan enkelte renn verte avlyste.
Renna kan verte oppsett att på kort varsel når det ser ut til å bli godt vær. Sjå eikefjord.net, eller Facebook-gruppa «Humlestølen ski»

Startpengar:
• Barn: kr.30,-
• Junior: kr.30,-
• Senior: kr.80,-
• Trim: kr.70,-
• Familie: kr.150,-

Premiering:
For å få premie må ein delta i 3 cup-renn / renn i løpet av sesongen.
Ved å delta i 5 renn eller fleire, får ein større premie.
Trening og trimming:

Det er lagt opp til fast trening på Humlestøylen, ein kveld i uka, tysdag kl. 18.00. Her kan alle (eldre enn 8 år) som måtte ønske det møte opp og få litt instruksjon i teknikk og trening. Smøretips kan vi også komme med men Dei som deltar må smøre skia sine sjølve eller med hjelp av foreldre. Oppstart så snart det er forhold. Sjå eventuell info på Eikefjord.net, eller Facebook.

Lysløypa og aktivitetsbakken er disponibel heile døgnet. Ved snøfall vert løypa oppkøyrt til ca. kl. 18.00 i vekedagar og ca. kl. 11.00 lørdag, og søndag.
Sjå web-kamera. Hugs å slå av lyset når du er ferdig!

Medlem i Eikefjord IL.

Alle som går skirenna og trener i skianlegget på Humlestøl, bør betale medlemskontingent til Eikefjord idrettslag.
Alle medlemmer må registrere seg på Min idrett (minidrett.no). Idrettslaget får støtte for kvar medlem som er registrert.

Kretsrenn

Påmelding til kretsrenn: Min Idrett, der alle medlemmene i Skigruppa må være registrerte.

Alle over 13 år som skal delta på kretsrenn må løyse ski lisens, dette er ei forsikring som Norges skiforbund krev.
Startpengar til kretsrenn vert dekka av skigruppa.
Startpengar til turrenn vert ikkje dekka av skigruppa.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu