Eikefjorddagane nærmer seg, og bygda skal gjerast klar til det store arrangementet. Det vert aktivitet i sentrum kvar ettermiddag frå og med tysdag. Tysdag er den store dugnadsdagen. Vi treng all hjelp vi kan få, og håpar dei fleste tar seg tid til ein ettermiddag med dugnad den neste veka. Har du kantklipper, så er det mykje gras vi må slå rundt omkring, og vert glad om du møter opp og tar nokre kvadratmeter. 

Ellers er det mykje andre ting som skal gjerast. Vi treng nokon som kan bidra med å steike sveler alle ettermiddagane frå og med tysdag ca kl 17.30 og utover. 

Mandag ettermiddag kjem kostebilen og feier gjennom sentrum. Ingen arrangert dugnad og ingen svelesteiking denne ettermiddagen. 

Oppmøte tysdag ettermiddag kl 17.00: Skulen og Fleirbrukshallen. Mest rigging av telt og legge gulv i Fleirbrukshallen

Oppmøte onsdag ettermiddag kl 17.00: Sentrum skal klargjerast. Bord og stoler skal setjast ut og fraktast på plass. Vi trenger litt traktorer og større biler til frakting. Plakater skal lagast ferdig. 

Oppmøte torsdag ettermiddag kl 17.00: Pynte og henge opp skilt og plakater. Kulturteltet og andre telt skal klargjerast. Ellers forefallande arbeid. 

Vi kan og vi vil ......og vi får det til:)

På forehand TUSEN TAKK FOR ALL HJELP!!!!!!!

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu