Tilsynsrapporten på Eikefjord skule kom i mai, og sidan den gong har det føregått eit stort arbeid med å rette avvika. Det seier kommunalsjef for oppvekst og undervisning i Kinn kommune, Ellen Jåvold til Firdaposten.
– Avvika handlar i stor grad om at dei ikkje har dokumentert nok eller godt nok, og at tiltaka som er sett inn i noko grad har vore for einsidige. Dette er noko vi har tatt innover oss, seier Jåvold.
Kommunen har svart fylkesmannen innan fristen, som var 15. september. I svaret fortel ein korleis både Eikefjord skule og kommunen vil jobbe for å få ein praksis som er i tråd med regelverket.
– Dette er noko vi vil jobbe med i heile kommune, på alle skulane, seier Jåvold.