Di meining i Firdaposten
TORLEIK STEGANE
Rektor ved EBU fram til 31.03.2012
Dette er ikkje siffer frå radarkontrollar i eller ved Eikefjord. Dette er kva det kostar å byggje om og byggje ut Eikefjord barne-og ungdomsskule kvar gong rådmann Terje Heggheim opnar munnen sin om dette prosjektet.

I intervju med Firdaposten for godt og vel to år sidan sa eg m.a. fylgjande: «Eg trur ikkje Terje Heggheim er ein god mann for Eikefjord. Han skaffar seg heile tida manøvreringsrom som han kan bruke til å trenere ombyggjing/utbyggjing av Eikefjord skule."

Eg bygde dette på mange samtalar eg hadde hatt med med rådmannen om t. d. utbyggjing av Eikefjord skule (var med i den fyrste plannemnda), ressurssituasjonen for EBU, budsjett, budsjettstyring. Hovudinntrykket eg fekk, var at det ikkje var så nøye med Eikefjord skule, kva vi sleit med eller ville ha forståing for, eller hjelp til. Eg trur eg vart oppfatta som ein varslar det galdt å kvitte seg med snarast mogeleg.

I desse dagar er det fælt å sjå at eg hadde rett. Her har rådmann Heggheim og delar av staben hans halde hundrevis av foreldre og elevar for narr i over fire år. Med ujamne mellomrom har dei snakka opp prisen på skuIeutbygginga i Eikefjord frå 68 mill.kr. i 2010 til 140 mill. kr. i 2014.

Ifylgje lesarbrev av Jacob Nødseth i Firdaposten nr.49/14 har dei vore driftige også når det gjeld å heve eiga løn på eiga hand. Dermed ligg rådmansløna i Flora i dag ikkje så langt unna løna til den norske statsministeren. Og kommunalsjefane er løna høgare enn stortingsrepresentane våre. Då må vi kunne vente noko meir av dei.

I tillegg har rådmannen og delar av staben hans gjennom desse fire-fem åra vore dyktige i spelet sitt. Hittil har dei lukkast i å manipulere både politikarar og andre for å løyne at dei eigentleg er imot heile prosjektet.

Når dei no har fått prisen opp i svimlande 140 mill. kr., møter rådmannen i Flora formannskap og fortel at den siste prisauken i «alt vesentleg skriv seg frå vanskelege grunntilhøve, med tjukke lag av myr og leire på tomta.»

Same grunngjeving kom for mindre enn eitt år sidan. Då var kostnaden 115 mill. kr.: «Det er og eit uavklåra spørsmål om grunntiIhøva er tilfredsstillande.» ( Komitemedlem Hallgeir Helland i Firda 12.06.2013). Uavklåra spørsmål? Vi er mange som undrar oss over dette. Dei som bygde Eikefjord skule for over 50 år sidan, sleit med dei same grunntilhøva som er der i dag, men dei fann ut av det alt i 1960.Venteleg var dette eit større problem å løyse då enn no i 20141 Det kling hult når rådmannen lest som dette kjem overraskande.

I intervjuet eg gav til Firdaposten i 2012 sa eg at å snakke med Heggheim om Eikefjord skule var som å snakke med konglomeratkolossen Håsteinen. Det kan sjå ut som det eg sa då, står seg.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2