Eikefjord Ungdomslag arrangerte Juletrefest på Allhuset søndag ettermiddag. Mange møtte fram og kosa seg med underholdning av Barneleikarringen som blir leda av Kolbjørn Taklo. Koriander sang stemningsfulle sanger, ein varm takk til Gro Rjukan og resten av koret. Marit Høyvik kom eins ærend frå Steinhovden for å spele julesanger til gangen rundt juletreet. Reidar Høyset leda det heile med sikker hand. På grunn av dårlig snøforhold kom Nissen litt seint, men når han kom møtte ungane han i inngangsdøra og jubelen stod i taket.
Sjølvsagt var det også kaker, brus og kaffi. Ein stor takk til alle som baka kake til festen. Ungdomslaget takkar også
ICA v/Erna, SparMat v/Eli og CoopMega i Florø for nissegavene og AnnSolei for alle Julestjernene til pynting av Allhuset.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu