Redaktør Svend Arne Vee hadde følgande leder i Firdaposten:

Eikefjordingane har lukkast med å byggje grenda si som merkevare.
Merkevara Eikefjord.
Spør kven som helst i Flora om eikefjordingar og grenda Eikefjord. Svaret du får i desse tider er ganske unisont: "Jau, i Eikefjord får dei det til om dagen. Den grenda kan absolutt sjå positivt på framtida."
Og vist er det rett observert. I Eikefjord har mykje positivt skjedd på svært kort tid. I sentrum har ein fått laga nytt og triveleg torgmiljø. Ein sikker gangveg har endeleg kome på plass, og blant anna gjort skulevegen tryggare. Bygda har nye bustadfelt på gang, butikkane opplever ikkje omsetningssvikt slik mange spådde, men det stikk motsette. I sommar arrangerte grenda sine første marknadsdagar, og førsteutgåva av Eikefjorddagane blei ein braksuksess. Veret var sjølvsagt strålande; det er som regel slik når ein surfar på ei medgangsbølge.
Grenda har fått sin eigen høgst oppegåande internett-portal. Dei har gjeve ut kalender, og til alt overmål høyrer Firdaposten rykte om at dei jobbar hardt for å få lagt heile opningsmarkeringa av den ferdige riksveg 5 til Eikefjord i 2005. Om dei klarer de, står att å sjå. Men ingen fortener det meir. Det var trass alt eikefjordingane som risikerte mest då vegingeniørane bestemte at sjølve livsnerven deira slulle flyttast langt opp i lia.
Men sjølv om mange positive, fysiske endringar har skjedd, så er det den mentale biten eikefjordingane har lukkast aller mest med å endre. Delvis gjennom eit aktivt grendalgag har dei klart mesterstykket å så ideen om at Eikefjord er ein bra stad med framtida føre seg. At i Eikefjord, der blir det spennande å bu om to, fem, 10 eller 15 år. At i Eikefjord vlir det satsa. Eller som dei seier det med sitt nye lokalslagord:
"Vi kan - og vi vil, og folk frå Eikefjord får det til!"
Dette er eigentleg banalt enkelt - men akk, så lett å gløyme når ein står midt oppi krav til endring. Tenk positivt, bank inn eit slagord, sei det mange nok gonger og til alle du møter. Til slutt trur folk deg. Det var det eikefjordingane gjorde då det var klart at vegen kom til å forsvinne. I Eikefjord har ein bevisst spelt på media og nettverksbygging lokalt, og hamra inn den positive bodskapen. Dette har dei lukkast med så til dei gader at også folk utanfor både grenda og kommunen har byrja tru på eikefjordingen.
Dette kan fleire ta lærdom av. Sjølv om mykje er ulikt, er vi sikre på at delar av tankegangen om å vere positiv og byggje seg sjølv som ei merkevare og skryte av seg sjølv, kan overførast frå Eikefjord og til Sunnfjord 2020. Også her blir det utruleg viktig å byggje opp omkring det positive, sjølv om det er store problem og ei negativ utvikling som er årsaka til at prosjektet er fødd.
Ein test på om Sunnfjord 2020 er i siget med slik tenking, er om dei har starta arbeidet med å finne eit godt, lokalt slagord for Flora i desse omstillingstider. Viss ikkje, så stiller vi Firdaposten til rådvelde som arena for konkurransen. Og skulle ikkje det vere nok, så får vi heller ringe eikefjordingane...........

Avskrift frå Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2