I dag var det søndags-åpne butikkar og andre aktivitetar i sentrum. Jule-grana på torget blei tent kl 15, med speling av skulemusikken. Det er fint at vi no har ein plass i sentrum der vi kan ha ei gran. På torget har det også vore salg av juletre, julenek og kristorn. Bondelaget serverte svele og kakao, medan bondekvinnelaget serverte heimelaga lefse med gombe til. Som vanlig er Julebua åpna no føre jul og har fleire fine utstillingar i butikken, her dekorative julelys. I gamle Langedalsbutikken er ei fin utstilling av pepper-kakehus som er laga av ungar i bygda og bygdene rundt.
I kirka var det lysmesse der konfirmantane deltok. Koriander var også med og gav ekstra krydder til messa. Etter kirke var det fakkeltog tilbake til torget og gang rund grana

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

Eikefjord

20150814-kakebord.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com