Eit fantastisk fotballarrangement vart avslutta med ein veldig god fotballkamp. Sjanserik og godt spel og mange fine mål.
Arild Sundgodt ga Lillestrøm ledelsen tidleg i første omgang. 17 min ut i kampen utligna Ozoromba for Brann. Heilt på slutten av omgangen skåra Frode Kippe slik at Lillestrøm kunne gå til pause med 2-1 ledelse. Dette såg ut til å bli sluttresultatet, men Joachim Valtin utlingna 1 min på overtid så kampen enda 2-2.
Det var 980 tilskodarar i det fine veiret på Eikefjord Stadion.
Toppfotball Eikefjord takkar publikum og alle medhjelparar for ei fantastisk fotballoppleving i Eikefjord

FJELLET

20060219-400-efj_st.jpg

Eikefjord

20150315-blanipa.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com