I forgårs var Gunnvar Seljeseth og Guri Skorpen i aksjonsleiinga i Florø og gjekk opp ruta for toget, som vil starte på Fugleskjærskaia klokka 12.30. Dei skal samle seg under mottoet "La grendeskulane leve, utan skular døyr bygdene". Ei høveleg omskriving av mottoet til ein tidlegare bondeaksjon.

– Vi trur vi vil få 300-400 personar til å gå i demonstrasjonstog gjennom gatene i Florø, seier Seljeseth.. Dei ventar seg massiv tilslutning. Skuleelevane skal syte for å lage plakatar.

Barn og foreldre skal stå i fokus, derfor er det vel eit lite paradoks at dei valde oss to bestforeldra til stå her og snakke, seier Guri Skorpen og ler. Dei har med seg Elisabeth Ruud Nordbotten i utvalet som organiserer aksjonen.

Det er alle grendelaga i Flora sine utkantar, pluss samarbeidsutvala ved grendeskulane, som står bak markeringa. Malen for aksjonen blei lagt på eit større møte for grendelaga på alderssenteret i Florø allereie for ei god stund tilbake.

Frå nesten alle øyar blir det sett opp ekstrabåt til markeringa. Frå Steinhovden og Eikefjord vil det gå eigne bussar. Toget vil ende opp på rådhusplassen etter å ha gått opp Fugleskjærsgata austover ytre Strandgata, så opp Trovikbakken, vidare austover Markegata forbi Victoria Hotell, vidare til parkeringsplassen ved Amfisenteret, før det snur tilbake mot rådhusplassen. Her vil ordførar Bente Frøyen Steindal mellom anna få overrekt ein solid bunke med underskrifter til støtte for utkantskulane frå alle dei aktuelle grendene.

– No ser det ut til at utkantskulane allereie er sikra. Kvifor så sette i gang ein så stor aksjon?

– Vi har ikkje vunne enno. Saka blei utsett i formannskapet. Der kan komme benkeforslag.

– Vi kan ikkje vere sikre før bystyret har gjort vedtak. Vi kan også love at den dagen bystyret skal behandle saka, kjem vi til å fylle opp heile bystyresalen, så det knapt vil bli plass til bystyrerepresentantane, lovar Skorpen og Seljeseth. Slik dei ser det, handlar denne aksjonen om akkurat det same som sjukehusaksjonane har gjort i ein litt annan målestokk. Utspela i Flora kommune om å legge ned utkantskular kjem nesten like tett. Men eitt har dei i alle fall greidd å oppnå: Å samle utkantane om felles interesser. Det kjem dei til å minne sentrumsfolket om

Her gjeld det å ta vare på institusjonar som er avgjerande viktige for lokalsamfunna.

– Vi såg kva som skjede på Skorpa då dei la ned skulen der, seier Skorpen

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2