Eikefjord Grendalag og Sørsida Utviklingslag i Luster er dei to nye bygdene, som blir tatt opp i Bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane i år 2003.

– Dette betyr frykteleg mykje for oss og det blir ein viktig del av arbeidet med å utvikle bygda vår. Eit viktig mål for oss no framover blir å lage eit skikkeleg prospekt der vi presenterer oss for bedrifter eller privatpersonar som kan tenke seg å flytte inn. Plassering vår midt mellom Florø og Førde gjer oss attraktive. Dessutan vil vi presentere oss i turistsamanheng, der Eikefjord-dagane også er ein del profileringsarbeidet, forklarer Samdal.

Grendalaget er også aktive med å skape gode ungdomstilbod og eit attraktivt miljø i sentrum av bygda.

Bygdeutviklingsprogrammet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannens landbruksavdeling (FMLA) Sogn og Fjordane bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, og deltakande kommunar.

Programmet går over tre år og inneber deltaking i eit nettverk mellom bygdene, med fagleg oppfølging. Eikefjord Grendalag får kr. 60 000 pr.år av BU-midlane og kr. 20 000 pr. år frå kommunen si side, i alt kr. 240 000 over ein 3 års-periode.

Bygdene som er med i Bygdeutviklingsprogrammet no, er Oppstryn Bygdeutviklingslag i Stryn kommune, Jostedal Bygdelag i Luster, Feios Bygdelag i Vik og Sørstranda Utviklings-lag i Gloppen, Bryggja Utviklingslag, Vågsøy kommune og Holmedal Vel, Askvoll kommune.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2