ImageOnsdag den 7. juli kl 11 - 12 held Vegvesenet ei markering av ferdigstillelsen på rasteplassen på Stien. Alle er hjerteleg velkomne til denne markeringa.
Det er hektisk aktivitet i huset der elektrikar jobba på spreng på søndag for å sleppe trengselen når både rørleggar og snikkar skulle gjere seg ferdig. Det ser også ut som det skal bli klart for asfaltering som skal skje på tirsdag. Gangstien som går ei runde i terrenget nedanfor rasteplassen er grusa, men det er ikkje sett opp benker for å kunne sette seg ned her. Skogsarbeidarane har laga eit par stolar som står ved denne stien, men her meiner eikefjord.net at meir bør gjerast

FJELLET

blanipa1.jpg

Eikefjord

20130203-Humlestol.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com