Toppfotball Eikefjord arrangerer fotballkamp mellom Sogndal og Brann den 18 juli kl 16. Fotballkampen spelast på ei av dei beste grasmattene i fylket.
Slik forhold har fotballen ikkje alltid hatt. I Eikefjordkalendaren ser vi fotballkamp i fjæra på Sørbøen. Dei på Knapstad, Storebru og opp i dalen møttest på krysset på Storebru og trena der. Før bana kom i Kvalvika samlast store og små på skuleplassen og spelte der.
Fotballgruppa kom med i idrettslaget i 1971, men fotballar var sponsa av idrettslaget før den tid. Frå protokollen i idrettslaget er styresak nr 4 i 1969 henta.

" Medlemmar i Eikefjord IL har kjøpt inn ein del fotballar - i alt 4 - til bruk i Eikefjord, Styret er ikkje tilspurt. Ballane er heller ikkje betalte.
Vedtak: Idrettslaget betaler ballane. Ballane skal oppbevarast av materialforvaltaren i friidrettsgruppa. Fleire ballar må ikkje innkjøpast utan at styret på forhand har kjennskap til det."

Styret såg tydlegvis ikkje på fotball som nokon positiv tilvekst sidan friidrettsgruppa skulle passe på ballane. Ballane vart brukt og fotballmiljøet pressa på for å få eiga fotballgruppe. På årsmøte etter 1970 sesongen er sak 8 skiping av fotballgruppe. Styret har ikkje tilrådd skiping av gruppa, men årsmøtet vedtar å skipe eiga gruppe for fotball.
Sidan den tid har fotballen rulla vidare og gruppa er den med størst aktivitet i laget. Vi får håpe at laget kan komme opp at på eit nivå der dei kan eksportere spelarar til Sogndal eller Brann slik at vi kan få sjå eikefjordingar i slike toppkampar som skal spelast på stadion.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2