ImageOnsdag vart den nye Eurorasteplassen på Rv5 på Stien høgtideleg opna. Ordførar Bente Frøyen stod for snorklippinga, og takka Eikefjord Grendalag for det engasjementet dei viser.
– Rasteplassen er blitt utruleg flott, og eg vil takke Eikefjord Grendalag spesielt. Dei gjer ein kjempejobb for bygda, og får til mykje, sa ordføraren før ho fekk seg ein velfortjent kvil i hengekøya.

 

.

 

Image Før sjølve snorklippinga fekk Hyen Bygg v/Jan H Pedersen, Eikefjord Rør v/Svein Knapstad og Mesta v/Johnny Larsen overrekt blomster av Vegvesenet. Prosjektleder i Statens Vegvesen Lars Magne Røneid fekk overlevert lokale blomster frå Eikefjord Grendalag.
Mange var møtt fram for å delta på opninga, og grendalaget diska opp med grilla aure frå Barlindbotn, muffins, kaffi og brus.

.

ImageEikefjord barnehage deltok, og dei hadde kledd seg ut som prinsar og prinsesser for høvet. For samstundes som Eurorasteplassen vart opna, lanserte Vegvesenet sin nye kampanje, Stopp og Sov. Kampanjen skal oppfordre bilførarar til å stoppe og sove i 15 minutt om dei vert søvnige, og som eit ledd i kampanjen vart rasteplassen besøkt av ein Tornerose-patrulje. Patruljen las eventyr for barna og delte ut sovemasker, cd-ar og informerte om kor viktig det er å ha fokus på å vere vaken når ein sit bak rattet.
– Kvar veke døyr ein person i trafikken i Norge fordi nokon har sovna bak rattet. Ei undersøking seier at 44 prosent av alle bilførarar ein eller annan gong har sovna bak rattet, og det illustrerer kor viktig denne kampanjen er, seier Frida Larsson og Kristian Hajdu i Tornerose-patruljen. Den nye rasteplassen er utstyrt med ei hengekøye, nettopp for at bilførarar kan stoppe og ta seg ein blund.

Det er lansert mange navn på rateplassen, Eikefjordstoppen, Stien, Hovland er nokre av dei navna som er nevnt. Vegvesenet har valgt "Eikefjord" som navn og med det navnet veit alle vegfarande kvar pasteplassen ligg.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2