Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Miljøfaglig utredning har utarbeidd forslag til forvaltningsplan for Eikevolltjønnmyra naturreservat på Storebru.

Fylkesmann ønskjer merknader til tilrådinga og vonar at dette kan vere starten på ein prosess for tilrettelegging av området for vitjing og naturformidling der lokalmiljøet spelar ein aktiv rolle med informasjon og idear.

Høyringsfrist er 10. januar 2006

Reservatet er oppretta for å ta vare på eit låglandsmyrkompleks med eit mangfald av myr- og vegetasjonstypar med tilhøyrande maturleg plante- og dyreliv. Området femnar om både ei velutvikla høgmyr, fattige og intermediære flatmyrar, og ulike habiat knytte til vassig og tjørner.

Les meir høs Fylkesmann

Eikevolltjønnmyra i Flora,

høyringsbrev

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com