ImageI nydeleg vinterveir hadde mange funne vegen til sentrum idag. Enkelte berre for å nyte dagen og andre for å selge produktene sine og ein god del kjøpelystne kundar.

Beste tilbudet var nok gratis gløgg frå Idrettslaget. Tegne hale på grisen vart prøvd av både voksne barn og mindre barn. Sjølvasagt var det premie for dei som klarte å tegne halen på riktig plass.
Skulemusikken var sjølvsagt på plass og trylla fram julestemninga, og leikarringen underheldt rundt omkring i rask springar.

FJELLET

Strandanipa.jpg

Eikefjord

20141015-loekkeboe.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com