ImageSteinhovdenkoret, Koriander og Brandsøykoret inviterte til julekonsert i Eikefjord kyrkje i ettermiddag. Med 3 kor, fleire solistar, messingblåsarar og eminent piano og orgelspel fekk dei 135 frammøtte fin variasjon i repertoaret og etter klappsalvene å dømme sette publikum verkeleg pris på det som vart servert.

Med så bra oppmøte som det var på denne førjulskonserten vil nok arrangørane sette opp ny konsert før jul neste år også. Publikum får håpe at det blir tid til fleire samøvingar, for så mektig sang har vi nok ikkje opplevd i Eikefjordkyrkja før.

FJELLET

blanipa1.jpg

Eikefjord

20150315-blanipa.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com