Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

ImageÅrets volleyball turnering vart avvikla torsdag 29/12 med 3 energiske lag på bana. I alt er det no 20 damer som er med på denne aktiviteten, og det er andre året vi har turnering.

 

Fjorårets vinnarar måtte gje tapt for nokre knallsterke damer frå Sørgard og C-feltet. I finalen var det ein grei seier til "C_laget" som bestod av : Reidun, Anita, Monica, Heidi, Tanja, Gerd Anny og Janne.

Image
Vinnarlaget i finalen

Etter turneringa fortsatte damene på Sjøkroa, der alle var vinnarar.

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com