ImageEikefjord Kirke var nesten fullsatt då Brigt Samdal ønskte velkommen til konsert med Olav Stedje. For 25 år sia gav Olav Stedje ut sitt første album, og sidan det har vi høyrt sognamaulet og gitaren titt og ofte.

I den intime kirka med suveren akkustikk fekk publikum virkeleg valuta for pengane i den alt for korte tida vi fekk høyre på Olav Stedje og Koriander.

På denne konserten ville Olav gjere ein vri, han starta konserten med ein engelsk sang skrevet av Jon Denver. Ein hyllest til gitaren som aldri kan byttast ut slik mange gjer med både hus og kone. Vidare utover i konserten vart det ein lett blanding av meir eller mindre kjente Stedje låtar, med nokre barnelåtar innimellom. Stedje ville ha hjelp til desse barnesangane, men fekk eit kontant nei frå ei barnestemme nede i kirka. Når han sang at Afrika sendte ei bløtkake til Månen vert det fort korrigert at det var ei pepperkake.

Så var det tid for Koriander. Lisbeth Hovland hadde arrangert  "Ei å dele dagen med" og "Ein nordmann sin draum". Nydleg arbeid av Lisbeth og ein nytelse å høyre på. Olav Stedje si vante rørst og gitar, med korakkompagnement av Koriander. Kurt Rylandsholm hadde arrangert "Vi vandrar saman", dette også eit nydleg arbeid.

Deretter fekk vi igjen ein bolk med Olav Stedje før det heile blei avrunda med "Vi vandrar saman" ilag med Koriander.

Les også Firdaposten

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2