Image
Kollisjon i krysset til Nesjane

To biler braka skikkeleg isaman i ettermiddag i krysset til industriområdet på Nesjane. Ein av dei som såg uhellet seier at bilen som blei påkjørt stoppa for å holde vikeplikta for ein bil som kom utanfrå. Føraren av bilen som kom bak oppfatta ikkje situasjonen tidleg nok og kjørte inn i den andre bakfrå.
Vegen i dette krysset er utvida slik at det er god passering på høgre sida av bilar som må stoppe for møtande trafikk.

Begge personane i den påkjørde bilen blei sendt til Førde med ambulanse. Det står bra til med begge. Sjåføren er alt utskreven, medan passasjeren blir liggande rutinemessig på overvåkningen til i morgon.

 

Brannvesenet frå Eikefjord var raskt på staden, skumla området og sette opp varselskilt for andre traffikantar. Politi, ambulanse og legevakt kom også raskt på plass.

Politiet vil rutinemessig etterforske uhellet.

Les også Firdaposten, Firda eller NRK S&Fj

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2