Her finn du møtereferat for FAU møte 7/11 2005

 

Møtebok for FAU

 

 

 

 

            Møte 07.11.05. kl. 18.00 på rom 9 Eikefjord Skule.

 

 

Til stades: Leni Humlestøl, Monica Knapstad, Janne Tonheim, Kjell Humlestøl, Vigdis Foss, Anne Cathrine Øren, Marlyn Tonheim, Nina H. Liset,  Per Øyvind Sørbø, Trine Tønnesen, Anita Løkkebø, Ole Johnny Lid, Idar Øren, Ingunn Bergheim og Torleik Stegane.

 

 

Forfall: Geir Magne Øyra, Jan Telstø, Margunn Bakke,Oddvar Endestad og Nina Løkkebø.

 

 

Møteboka for møtet 20.10.05. vart godkjent slik den ligg føre.

 

 

 

Sak 23/05

 

Anita Nybø orienterte om henvendelse frå lærar om kafe på utstilling torsdag 10.11.05. Dette hadde vore oppe på møte 20.10.05. men først no hadde forespørselen komme.  Dette var kort varsel. Mange hadde ikkje anledning til å møte då det var møte både for 9.klasse og i idrettslaget denne kvelden. Småskuletrinnet hadde allerede klart eit opplegg med kafe i nyebygget på skulen. Mellomtrinnet og ungdomsskulen skulle stille ut arbeida frå historisk veke i gymsalen/vestibylen. Vi oppfordrar alle foreldre til å komme og delta denne kvelden.  Per Øyvind foreslo at vi tok med kaffi (4 kanner frå kvar klasse 5-10 kl.) og at han og Marlyn ordna med saft.

 

 

Ymse:

 

Marlyn Tonheim etterlyser informasjon, frå skulen, om nye lærar og vikarar.

 

 

”Eikefjord Sentrum – storefri” brev frå Trine Tønnensen fau rep. Frå 7. klasse. Forslag om å ha forbud om fredagane då mellomtrinnet sluttar akkurat då. Forslag om at Elevrådet skulle få handsame denne saka. Trine gav løyve til å kopiere brevet som info. Til foreldra.

 

 

 

Til slutt var det møte om kantineprosjektet med rep. For ungdomskulen Trine Tønnesen og rektor. Per Øyvind kjøper papp til taket, då det er denne jobben som må gjerast før jul. Forslag om at Trygve Knapstad og Oddvar Endestad møter ein laurdag og set opp punkt for punkt kva som skal gjerast. Rektor tek kontakt med dei, og kallar dei inn til seinare møte saman med rep. Frå 7-10 kl. og Trine Tønnensen for oppsettelse av dugnadsliste.

 

 

 

Møte slutt kl. 19.30.

 

 

Anita Løkkebø                                                                       Ingunn Bergheim

 

-leiar-                                                                                                 sekretær

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2