Her finn du møtereferat FAU møte 2/2 2006

 

 

Møtebok for FAU

 

 

 

 

            Møte 02.02.06. kl. 19.00 på rom 9 Eikefjord Skule.

 

 

Til stades: Leni Humlestøl, Jan Telstø, Janne Tonheim,Nina Liseth, Kjell Humlestøl, Vigdis Foss, Anne Cathrine Øren, Marlyn Tonheim,  Per Øyvind Sørbø, Trine Tønnesen, Anita Løkkebø, Idar Øren, Aslaug Kvamsås Aa, Ingunn Bergheim og Torleik Stegane.

 

 

Forfall: Geir Magne Øyra, Even Hamn, Ole Johnny Lid, Margunn Bakke, Monika Knapnstad, Oddvar Endestad og Nina Løkkebø.

 

 

Sak 1/06 Skuleutbyggingsplaner.

 

Per Øyvind orienterte om møte i komiteen i dag. Saka blir behandla i møte for kultur og oppvekst i Flora Kommune 20. Mars 2006. Det vert då sett ned ein plankomite som skal lage til eit forprosjekt. Er vi heldige kjem det med i busjett handsaminga i  Desember 2006.  Ca 10 millionar til konkrete rehabliterings tiltak (bytting vindu/dører/tak, utbedring sanitæranlegg/brannsikkerhet, maling).

 

Aslaug orienterte om at framdrifta hadde vore god i saka, men at ein må arbeide med å få fleire grupperom, møterom og kontor til lærarane. Eige musikkrom og oppgradering av kjøkken og naturfagrom for å ivareta sikkerheten. IKT romet er gjort ein del med, mykje takka være lærar Sigbjørn sin intresse/kunnskap.

 

Torleik viste til at kommunen varsla ein nedgang i elevtall i åra framover. Dette var og varsla for 10 år sidan, men historia har vist at elevtalet er stabilt. Dette kan nok skuldast at tilflytting ikkje er tatt med i prognosene.

 

Vi i FAU tykkjer komiteen har gjort ein god jobb so langt, og fyljer spent med vidare!

 

 

Gjennomgang av referat frå møter 07.11.2005:

 

 

Brakkeprosjektet: Rektor har vore i kontakt med Trygve Knapstad og Oddvar Endestad. P.g.a. kommunens ufråvikelege brann krav må dører og vindauger flyttast. Trygve har estimert ein pris på kr. 10.000,- pluss arbeid for dette arbeidet. Det var einigheit om at dette måtte gjerast snarast og at rektor innkallar klassekontaktane når plan for dugnad var klar.  Målet er å være ferdig til 17. mai 2006.

 

 

Spørsmål frå Marlyn om arbeidet i 17. mai komiteen var teke opp. Trine har mal på data og plan klar.

 

 

Marlyn utrykte usikkerheit omkring informasjon lærar/vikar. Aslaug tek til etteretning at dei bør ha fast rutine på dette i forbindelse med skifting av lærar/vikar. Nye lærarar i haust er Roger Sanvik (utdanna lærar) og Martin Malkenes (under utdanning på universitet og gode kunnskapar i musikk og khv). Asbjørn Staveteig (adjunkt, realfag) er og tilknytta skulen. Ellers manglar Aslaug vikarar som kan stille opp på kort varsel! Vaksne folk som ikkje kvir seg på å ha ungdomskuleklassane.

 

 

Nina etterlyser og info om nye elevar i klassane spesielt for dei minste. Forslag om at lærarane kan bruke vekeplanen til kort beskjed eller evnt. Lage klasseliste.

 

 

Ymse:

 

Anita hadde snakka med Eirik Husabø om å få ut råfilm frå ”Havna” dette kosta kr. 1000,-.

 

Einskild foreldre/klassar kan ta dette opp direkte om ein ynsjer.

 

 

Referat på nettet etterlyses av Leni. Marlyn og Ingunn må ordne dette for 2 referat hausten 2005. Undertegna må og få dette på plass seinare.

 

 

Storforeldremøte våren 2006.  Veke 17 er det kunstkafe/utstilling slik at møte vart bestemt til slutten av Mars 2006. Forslag til tema Tør å sette grenser: debatt ungdom og alkohol, holdningar til skulen og MOT prosjektet. Eller skal vi ha fleire tema? Kombinasjon av desse? Rektor og leiar i FAU arbeider vidare med ideen fram mot neste møte torsdag 02.03.2006. kl.19.00.

 

 

Leni etterlyser bok/brosjyre om kontakten skule og heim, denne fekk ho låne av leiar. Anita orienterte om rett framgangsmåte for klassekontaktar når ein blir kontakta av foreldra i klassane.  Klassekontaktane skal ta kontakt med klasseleiar/lærar og bidra til løyse saker tidleg på lavt nivå til elevane,lærarane og foreldra sitt beste.

 

 

Kjell Humlestøl tok opp ei sak ang. trygg skulevei. Det manglar rekverk langs skulevegen ved plantefelt på Humlestølen. Dette kan Fau bidra med hjelp til å skrive brev til kommunen då dette er komunal veg.

 

 

 

 

 

Møte slutt kl. 21.10.

 

 

Anita Løkkebø                                                                       Ingunn Bergheim

 

-leiar-                                                                                                 sekretær

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2