Firdaposten har idag ei reportasje om det farlege bondeyrket. Bøndene utgjer 3 prosent av den yrkesaktive befolkninga i Norge, men likavel skjer 1/3 av dødsulykkene i bondeyrket.

Ei av ulykkene som er trekt fram er ulykka  som Arne Tonheim hadde med traktoren på Sørdalsbrua.

I nokre slagholer mista Arne styringa på traktoren og gyllevogna skubba traktoren over det spinkel rekkverket og ned i elva. Gyllevogna kobla seg heldigvis frå og vart ståande igjen på brua, ellers hadde det nok blitt eit meir tragisk utfall av hendinga. Etter eit fall på 5 meter som smadra traktoren, klarte Arne å kare seg heim at og vart så sendt på sykehus. Arne trur at ulykka hende fordi han hadde glømt å legge lodd framme på traktoren. Dette gjorde traktoren ekstra lett, slik at gyllevogna fekk pressa den utfor brua.

Les meir i Firdaposten lørdag.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2