ImagePå turer i fjellet no i sommarmånadane ser ein som regel sau rundt om i heile fjellet. Som oftast fredleg beitande i grønne bakkar.
Slik var det ikkje med desse to. På Storefjellsenden hadde dei klart å gå seg skårafaste i eit terreng der ein bør ha tau for å ta seg fram.

Sauene var veldig nyskjerrige på turgåaren nedanfor og lurte nok på om denne skulle komme å hjelpe dei opp igjen. Dette var nok ikkje mulig for ein kar uten tau, men bonden vart glad for beskjeden om at to sauer stod faste og ville til fjells så snart som mulig.
Ser du ein sau som står fast blir bonden som eig sauen glad for melding om dette, ta gjerne eit oversiktsbilde og fortel det til nokon som kanskje veit kven som eig sauen. På denne måten kan turgåarane hjelpe bøndene med eit sikrare sauehold og hjelpe sauen frå svolt, utmatting og kanskje sveltedøden.

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2