Image
Ei skikkeleg rue i vegkanten

Dugnaden før Eikefjord dagane er i full gang i sentrum. Den vanlege gjengen er samla og tar eit skikkeleg tak. Sentrum vil stå fram nystrigla og fin når fredagen kjem. Det er synd at mange av sofaslitarane ikkje er å sjå i år heller, men dei gjer no like lite som rånegjengen som køyrer forbi smiler, helser og trykker litt ekstra på gassen.
Verre er det med dei som let dyra sine gjere frå seg i vegkanten og ikkje rydder opp etter seg. Ein ser mykje hundelort og endå meir synleg hestelort liggande i vegkanten. No når Eikefjord er strigla så fint opp bør eigarane til desse dyra rydde opp etter seg, ein kan ikkje vente at dugnadsgjengen orkar å rydde etter giddalause sambygdingar.
Dersom dette er helt uaktuelt å rydde opp får dei ta turane i utmarka der ei rue ikkje er til sjenanse. Det er også på sin plass og rette ei takk til alle som har posen med seg og ikkje overlet skiten til dugnadsgjengen.

Kommentarer

OAEnd: Vil bemerke at dei giddalause, eller kanskje berre tankelause, er dei som luftar hunden eller dei som tar rideturen uten å rydde opp etter seg. Skal også her ta med dei som slenger rusk rundt seg og ikkje minst dei som tømmer askebeger frå bilane rett på asfalten.

Takk for eit godt innlegg på E-net. Håper at det treffer nokon i hjarterota, men du skulle tatt med kyralort også. ER ikkje heilt spesialist på lorte ruer, men eg har funne (trur eg) kyra ruer under min dugnad både i dag og i går.

Du har og funne ein bra form for å ta opp dagledagse problem /utfordringar -sist dugnad og hestelort. Bra skreve. Dette må folk i Eikefjorden tåle

Følte meg veldig truffe av kommentaren med sofaslitarane, må forbedre meg.

Hei
Må bare sei eg er forundra over kommentarer som sofaslitere som er savna under dugnaden til ED. Føler en del personer blir godt uthengt her, også når det gjelder hestelort.
Men det er godt at den VANLIGE gjengen stiller og rydder etter oss valige dødelige som verken har hund eller hest. Sofaen er heller ikkje spesielt slitt heller. Stå på videre med denslags kommentarer, kanskje det lokker flere inn i det gode selskap!!!!!!!!!

Eg trur o a end med fleire skal vere glad det finst både hestelort og kyraskit i eikefjord. Eg trur ikkje eikefjord hadde vore noken triveleg plass å bu vist vi ikkje hadde hatt hester og kyr.NB. Vi har meir urbane strøk i fylket for dei som ikkje toler slikt.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2