ImageGrendalaget har idag hatt besøk av ein delegasjon frå Hordaland. Representanter frå Fylkesmannen , Fylkeskommunen og kommuner i Hordaland har fått orientering om Eikefjord sin utvikling i dei seinare åra og hvilken rolle bygdeutviklingsporgrammet har spelt.
Kontakten med grendalaget blei oppretta på eit seminar i Eidfjord i 2005. Eikefjordingane gjorde seg bemerka med sitt gode humør og at dei så tydleg gav uttrykk for at dei var stolte av bygda si.

Representantane frå Fylkesmann og Fylkeskommunen er imponert over det opplegget som Sogn og Fjordane har fått til. Her er bygdeutviklinga sett i system i eit veldig bra opplegg, så vi er her for å lære og kanskje sette igang eit liknande opplegg i Hordaland.
På skryterunda rundt om i bygda fekk grendalaget vist fram alle prosjekta som er komt i havn eller er under bygging. Sjølvsagt titta sola fram under rundturen og sette ekstra farge på alle godorda som grendaleaget hadde på hjertet.

Delegasjonen frå Hordaland kom frå Jølster der dei har sett på prosjektet med klyngetun på Svidalsneset. Dei skal vidare til bygdekonferansen i Oppstryn.

Image

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2