ImageEtter grunnsteinsnedlegginga på Eikefjord dagane er man kommen godt igang med bygginga av Servicehuset på Miljøstranda. Huset skal romme toalett, garderber og lagerlokale for Miljøstranda. I tillegg skal Arvid Sørbø få nytt lager istedet for dei to husa som blei revne for å få plass til Servicehuset.

Servicebygget er tilrettelagt med toalett for rullestolbruker med eigen inngang. På dette toalettet vil det også bli montert stellebord. Vidare er det to garderober med dusj og WC. I gangen inn til garderobane skal det settast opp låsbare skap for oppbevaring av verdisaker og andre mindre gjenstander.  Det blir også laga 3 mindre lagerrom for Miljøstranda. Størstedelen av arealet er lager for grunneigar. Denne delen skal ikkje isolerast slik resten av bygget.
Utvendig vil det bli planert og grusa. På sørsida mot vegen skal det etter planane tilretteleggast for basketball medan det blir laga ein utedusj på arealet mellom Servicebygget og badestranda. Heile anlegget er venta ferdig før jul.
På dugnadsida skal vi eikefjordingar legge beleggingstein mellom servicehuset, stranda og gangvegen.

Image
Plan servicehus på Miljøstranda

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2