Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

I går signerte Kjell Humlestøl og Flora Kommune avtale om drift av skiløypene på Humlestøl. Kommunen stilte mannsterkt med ordførar Bente Frøyen Steindal, fungerande rådmann Terje Heggheim og folkehelsekoordinator Elisabeth Aven på skihuset på Humlestøl. For skigruppa slilte Jan Arve Solheim.
Kjell får 30 tusen i året for å holde skiløypene i stand, eit helt akseptabelt beløp då Flora Kommune ikkje har hatt utgifter på anlegget.
Kjell understrekar at dugnadsnekten ikkje er fordi 420 kV linja vil gå over eiendommen hans, men all urørd naturen, friluftsinteressene og mange tunge ord i kampens hete.

Les meir i Firdaposten lørdag

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com