Som dei fleste sikkert fekk med seg vart den gamle lavvoen øydelagt i stormen i haust. Sjølv om prosjektleder vart lovd at dette var ein heilårslavvo, spørst det om produsenten har teke høgde for dårleg vestlandsvær i den lovnaden. Tysdag 16.6 vil vi prøve å få opp ein ny lavvo ved Nipevatnet.

Lavvoen som blir sett opp no, skal stå frå Juni til September. I vinterperioden vil den bli lagra ved steinanen ved Nipevatnet. Den gamle ramma og duken må bærast ned til Hovlandstøylen og prosjektleder blir glad for hjelp til dette arbeidet. Samt arbeidet med å setje opp den nye lavvoen. Om de har lyst å bidra er de hjartleg velkomen til dette. Tidspunkt: Tysdag 16.06. kl.18.00 frå Hovlandstøylen. Ta gjerne med ein sekk. Fint om de gjev ei melding på tlf om det høver å vere med.
Kontaktperson: Hilde-J.Ellingsund Tlf: 41 50 89 30.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2