annelisekunstPå Eikefjorddagane 14.-16. august kan du treffe Anne Lise som er designar, produserer og sel smykker i gull og sølv. Enkle, reine linjer i edelt metall er kjenneteikn på hennar arbeid. Ho har hatt læretida si ved Hasla AS. Gullsmed Ulf Larsen i Oslo (Ulf Larsen laga gifteringane til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn) , og teke sveineprøve i filigransarbeid (Arbeid med bunadssølv) og Sveineprøve i gullsmedfaget. Ho har dermed ein eineståande læretid bak seg. Anne Lise bur i Jølster og driv Øvrebø Smykkeverkstad og galleri som ligg Vis à vis med Eikaas-galleriet på Ålhus i Jølster kommune.
Anne Lises inspirasjon til design kan komme plutseleg og uforberedt. Det meste av det ho skaper er basert på si eiga personlege design. Ho har investert i eit 3D teikneprogram av smykke som opnar mange nye muligheitar når det gjeld produksjon og design. På Eikefjorddagane vil ho ha med seg sin arbeidsbenk og du kan sjå korleis ho produserer smykkene sine. Anne Lise vert å finne i Magnhildbua ved siden av Nærleiken.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2