karidesignKari Astrup-Geelmuyden er ein meget anerkjent og ofte utstilt keramiker og glasskunster. Ho lagar keramikkog glasgjenstandar i særeigent design. Ho arbeider mest med å produsere produkt ut ifrå handkjevla eller dreia steingodsleire i tynn og lekker kvalitet, eksklusive bruksting og pyntefat i ovnsforma glas og unike smykker laga av perler og handmala glas.
Kari held til i Årdal i Jølster der ho har ein eigen butikk. Der kan du finne mange av hennar spennande produkt. Elles kan du finne henne ved Astrup Kunst og Håndverk i Ski i Jølster. Ho har tidlegare vist sine produkt på eit utall messer, gallerier og utstillingar, og vil no også presentere sitt arbeid og produkt på Eikefjorddagane 2009. Ho vil ha med sin dreiebenk og lage prudukt av keramikk medan du kan sjå på. Så kom til Magnhildbua der ho vert å finne saman med Anne Lise Øvrebø. Det er verdt eit besøk!!

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu