20090820-250-knapstadstoylen001Denne veka er stien frå Stølsbrua mot Eikefjordstøylen og opp til Knapstadstøylen merka med godt synlege røde plastbiter. Når du står ved Stølsbrua og ser innover vil du sjå merka som heng godt sylege innover mot Betnene. Det skal være muleg å sjå frå merke til merke og stien er godt opptrakka innover så no har det opna seg eit godt turalternativ til dei andre støylane i området.

Litt lengre inne i Betnene er det litt vanskeleg å sjå merka. Her er få tre så her må du sjå godt etter. Stien er synleg, men går også mykje på berggrunn. Når du kjem eit godt stykke lengre innover skal du opp på berget til høgre så følg med på merka som går opp der.
20090820-525-knapstadstoylen008

Når du kjem opp på det høgdedraget er stien igjen godt synleg og merka lette å følge så det er berre å spasere innover til Knapstadstøylen.
Første selet er selet på Vellene.
20090820-525-knapstadstoylen010

Dersom du vil gå nedatt stien til Knapstad starter den rett innanfor selet du ser i midten ovanfor. Når du kjem inn på stien er den lett å følge nedover.
20090820-525-knapstadstoylen012

Går du same stien tilbake må du være litt påpasseleg 2-300 meter uttanfor støylen. Her deler stien seg, men stien som ein skal følge er godt merka. Den stien som går nedover kan ein også følge, den går utover mot Kvile ved Kleivafossen. På ei myr som ein kjem til må ein berre gå utover, her er det ikkje opptrakka sti. Lengre ute kjem ein inn att på stien som går blandt anna over Bjønnaknoltren.

God tur og takk til Lars som har merka stien.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2