200900821-250-evaluering033I ettermiddag møttes vel 50 av dei som var med på den store dugnaden Eikefjorddagane. Som alltid kjem det opp ideer om kva som bør gjerast betre, men i det store og heile har Eikefjorddagane funne eit spor det bør haldast fast på. Aktivitetane for barna er så viktige at dei små gler seg i vekesvis for å komme i Eikefjorden og få mala ansiktet eller sitte i gravemaskin og sjølv køyre maskina.

Stor ros og stas blir det også gjort på dugnadsgjengen. I kveld var det først evaluering deretter eit foreløpig estimat av overskuddet på vel 200 tusen. Deretter var det ein tur på strandpromenaden og strand for å sjå at overskuddet går tilbake til bygda og i tillegg alle lag og organisasjoner som er med å hjelpe til.
Etterpå var det tilbake til Allhuset for ein matbit for heile gjengen tok beina fatt og bevega seg bort mot sentrum og Nærleiken. I skrivande stund har Birger Meland varma opp orgelet og dei første dansestega er tatt for å feire suksessen Eikefjorddagane.
200900821-525-evaluering036

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2