Mandag er den store valdagen. Som ei prøveordning har også kyrkja lagt valet sitt til denne dagen og i same hus som stortingsvalet. I Eikefjord sokn er det dermed soknerådsval og val av representant til bispedømerådet i tre lokaler.

Krinsane er dei same som ved stortingsvalet, så valet er i Allhuset frå kl 9 - 18, på Storebru og i Steinhovden frå kl 12 - 18. Om ein ikkje helt veit korleis valet foregår vil det være representanter tilstede som kan rettleie dei som vil stemme.
Det eine valet er val av soknerådsmedlemmer til Eikefjord sokneråd. Her kan ein kumulere, stryke og flytte på kandidatar som ein ønsker. Det andre valet er val av representant til bispedømerådet. Her må ein krysse av for den representanten ein ønsker å stemme på.

Dette valet er ei prøveordning og valet gjeld for to år. Det vil dermed bli nytt val igjen om to år på same tid som kommunevalet. Etter dette skal ordninga evaluerast for å finne den valordninga ein vil ha i framtida.

Les meir i Kinn Kyrkjeblad nr 3.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2