Sparebanken Sogn og Fjordane legg om drifta i mange av dei små bankfilialane. I november blir det oppretta Bank i Butikk på Eikefjord Handel. I denne forbindelse har Sparebanken sendt ut brev til sine kundar der dei informerer om omlegginga.

Bank i Butikk i staden for bankfilialet
I løpet  av november 2009 blir bankfilialen i Eikefjord erstatta med eit banktilbod på
Eikefjord Handel. Medan filialen berre har hatt ope ein dag i veka, blir det no høve til å ta ut og setje inn pengar i banken i heile opningstida til butikken. Vi set i verk denne endringa fordi bankkontoret blir mindre brukt enn før og for å spare kostnadar til husleige og utstyr som står ubrukt mesteparten av tida.

Kontantar
Dei som har betalingskort kan ta ut kontantar i butikken som før. Dersom du ikkje nyttar eit slikt kort i dag, kan du søkje om å få eit eige Bank i Butikk-kort for uttak og innskot av
pengar. Som før er det berre banken som har tilgang til kontoopplysningane dine.

Giro
Du kan også levere giro i ein girokasse i butikken, denne vert tømt dagleg. Vi vil likevel rå deg til å bruke nettbank, telebank eller brevgiro, som er rimelegare løysingar. Har du ikkje slike avtalar, kan du ta kontakt med oss.

Personleg kontakt
Har du spørsmål kan du ringe kunderådgjevaren din som før eller ta kontakt med kundesenteret i banken på telefon eller e-post. Kundesenteret har ope til klokka 21 om kvelden (mån-tors) og til kl 16 på fredag. Telefonnummeret er 5782 9700. Arthur og Solveig treff du på same nummer i opningstida til banken. I nettbanken kan du utføre dei fleste banktenester og tinge produkt.

Vi er framleis den lokale banken med lokale kunderådgjevarar. Vi er den største banken for lokalt næringsliv og vil vere like aktiv i bygda med gåver og sponsormidlar som tidlegare. Vi vonar omlegginga blir til gagn både for deg, butikken og banken.

Beste helsing
Sparebanken Sogn og Fjordane

Det er ikkje informasjon om bankboks i brevet. Bankboksane i Eikefjord blir nedlagt og dei som fortsatt vil ha bankboks må ta kontakt med sin kunderådgiver i banken og avtale vidare leige av bankboks. Det er god kapasitet i Florø.

Banken flytter til butikken

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2