20090927-250-kart_P9Kultur og oppvekst har opna for ny vurdering av navn på vegparsell 9 i Eikefjord. Neste møte der dei 9 medlemmane i utvalget kjem med endeleg vedtak er 20. oktober. Dermed opnar vi for diskusjon korleis vegparsellen skal delast og navn på parsellane.
I utgangspunktet skulle denne parsellen gå frå sentrum og ut til krysset mot Barlindbotn og Sandvik. Kultur og oppvekst har sett navn på vegen etter det kreteriet at same navnet skulle bruksast heilt til grensa til Naustdal kommune. Med slike ulike kriterier måtte det bli ulike vurderinger og dermed solid misnøye med utfallet.


Leiar i Kultur og oppvekst meiner dei har sett rett navn på vegen fordi det er vegen til Stavang, men han er open for å kunne dele opp vegen med eit eige navn fram til krysset i Sunnarvika.
Eikefjord.net utfordrer alle som har synspunkt på oppdeling av parsellen og navnevalg komme med sine kommentarer på Eikefjord-origo sida.
20090927-525-kart_P9
Parsell 9 går i utgangspunktet  frå Eikefjord sentrum til krysset mot Barlindbotn og Sandvik.

Rød strek viser eit alternativ som utvalgsleiar kan støtte seg til. Ein parsell frå sentrum til krysset mot Osen. Ein ny parsell derfrå til Naustdals grense.

Er det gode navn som kan dekke heile strekninga må ein også være opne for det.

Vi minner også om at det err ein klagefrist på 3 veker på skrivemåten av namna på dei andre parsellane. Dei namna det ikkje kjem klage på, er då å rekne som endeleg vedtekne.
Klage kan sendast innan 19. oktober 2009 til Flora Kommune, Markegata 51, 6901 Florø,  eller [email protected]

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2