Sol, sommar og søt musikk! Og leikande tonar! Og aldri så lite råskap!
På Nærleiken blir det solokonsert med Eikefjordingen Steinar Karlsen. Han vil spele eit variert utval instrumentalmusikk, der mykje er sjølvkomponert. Sjølv skildrar han musikken sin som ein blanding av norsk folkemusikk, amerikansk roots og spansk musikk. Steinar briljerar med sitt leikande lette fingerspel.
Karlsen har invitert med seg nokre gode vener, så her kan ein kan rekne med nokre overraskande godbitar av ulik slag.Publikum kan sjå fram til ein konsert med variert innhald og strengeleik av særs høg kvalitet.
Nærleiken er eit lite lokale. Vi er nøydt til å avgrense talet på selde billettar. Det vert forhåndssal av billettar på Nærleiken. Billettar kan og tingast på telefon 913 21 392. Send sms med navn. Pris: 150 kr.
Velkomen til ein sjelevarm kveld på Nærleiken!