Laurdag 26.juni vert det for fyrste gong arrangert Veikingkonvoi i Eikefjord. Arrangementet startar ca. kl 14.30, og varer til ut i dei små nattetimar. På programmet står blant anna riding, trubadur og allsang, sal av grillmat osv. Dette skjer på området på baksida, og sør for Sjøhuset.
Torsdag kjem det ei 60 m lang flytebrygge som blir satt saman med den 30 m lange gjestebrygga som er der frå før. Det vil med andre ord vere plass til mange båter!!
Sist men ikkje minst blir det for fyrste gong på mange år arrangert bryggedans i Eikefjord. Dansen skal vere på Langedalsbua, og starter ca kl 22:00. Det er gruppa "Hæla i taket" som sørger for god stemning denne kvelden. Dette er noko ein rett og slett ikkje kan gå glipp av!!
I samband med dette arrangementet treng vi DI hjelp både før og etter.
Torsdag 24.juni og fredag 25.juni vert det dugnad på den gamle Langedalsbua frå kl 18.00. Her skal vi fortsette arbeidet med å gjere i stand bua til bryggedans. Her vert det både pub og stort danselokale! Vi skal og gjere uteområda ved bua og ved Sjøhuset i stand til den store konvoien. På desse områda skal vi få på plass benker og bord, telt, grillstasjon,toalett,gjerde osv. Søndag 27. juni treng vi folk som kan hjelpe til med opprydding! Voner så mange som mogleg møter og tar i eit tak! Grendalaget stiller med kake og kaffi.
Helsing Eikefjord Grendalag:)