Hjalmar Joleik frå Eikefjord vann bronsemedalje under pistol-NM i Sandnes.Bak tredjeplassen ligg det trening, trening og atter trening. Det er tett i toppen, og skal ein vere med det må ein trene seint og tidleg. Det har kanskje gått ut over tida med sambuaren min. Men ho er med og støttar, så ein god del av medaljen er hennar forteneste, seier Joleik.