Sidan 2004 har Ellen og Reidar Ulfstein drive garden på Skrehaugane. Ikkje som vanleg gard, men dei brukar dei gode energiane på staden til å drive helsefarm. Det er stort sett pasientar frå nærområdet eller som har tilknytning til området som besøker farmen.

Det er litt forskjellig behandlingsformer på Eikefjord Helsefarm - aromaterapi, healing, d-tox og energibalanasering i tillegg til Bowen-teknikk. Bowen teknikken verkar på alle plager, den opnar energibaner, balanserer energiane og får kroppen til å jobbe innanfrå og ut.

Reidar jobbar med healing, enten i heimen eller over telefon. Energi avgrensar seg ikkje i tid og rom, men det er lettare å få inn heile inntrykket om ein er i same rom.

Mange er sjeptiske til desse behandlingsformene, men det er helst dei som ikkje har prøvd. Mange syns også at det rart og uforståeleg det dei driv med, men stort sett er folk positive, seier Reidar til Firdaposten.

Dei held på å bygge om den gamle løa på garden slik at dei kan tilby klienter lengre opphald på garden. Langveisfarande syns det kan være langt å køyre til og frå på ein dag.

Les meir i Firdaposten tirsdag.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2