20100826-250-trailer018Speglane til to lastebilar small i saman i Sundefjellstunellen i ettermiddag. Spegelen i den austgåande lastebilen small inn i sideruta som dermed også blei knust. Sjåføren fekk glasregnet over seg, men er berre moderat skada. Han blei sendt til legevakt med kuttskader. Føraren av den andre bile n stoppa ikkje etter samanstøyten, men politiet fekk etterkvart lokalisert bilen.

Kolegaen til ulykkessjåføren kom i traileren bak ulykkesbilen. Han hørde godt smellet og venta at han også kunne bli truffe, men det vart han heldigvis ikkje. Han seier at både han og kollegaen heldt seg på kvitstripa når det smalt, det gjorde derimot ikkje den møtande traileren. Tunellen er vanskelig fordi den ser lavare ut enn den er og ukjente sjåførar held dermed godt inn i vegbana, slik den møtande traileren gjorde i dette tilfelle.

Knust speil og vindu og heile førarplassen overstrødd med glasbrot.
20100826-525-trailer025

Sjåføren i ulykkesbilen kunne køyre vidare og stoppa på utvidinga innanfor Sundefjellstunellen. Ambulanse, brannvesen frå både Florø og Eikefjord og redningsbil var raskt på staden.
20100826-525-trailer018

Les også Firdaposten, Firda og NRK S&Fj

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2