20100604-merking-250-007Ei utruleg historie om ho Rakel i Kalsvikane som støylte på Fessestøylen på nordsida av Norddalsfjorden har sett igang eit storstilt prosjekt for å merke og dokumentere ferdsla mellom Norddalsfjord, Eikefjord og Solheim. Denne helga er det opning av det 43 kilometer lange rutenettet av sitar mellom desse stadane. Snorklippinga skjer vest for Nordal kyrkje søndag 29. augsust kl 12.


Frå Eikefjord skal ein delegasjon følge Rakel sin veg med kyrene fram til Nordal. Her tar turlaget over og går opp til Fessestøylen.
Turen startar i Kalsvikane og går med robåt til Tonheim. Her tar ein føttene fatt og går den merka turløypa utanfor Strandanipa og ned til Stølsøyra i Norddalsfjorden. Her skal ny båt ligge så ein kan ro over fjorden. Midtfjords skal ein møte ein båt som kjem inn fjorden og saman skal vi komme inn til opningsseremonien.

20100827-525-kart

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2