persp_adkomst-525Florø Bystyre vedtok i kveld å bygge ut Eikefjord Skule med ei ramme på 68 mill. Inne i denne summen ligg eit større teknisk rom for framtidig utbygging av ein hall i tilknytning til skulen.

Alle parti var positive til utbygginga, men utviding av teknisk rom skapte diskusjoner i bystyresalen. AP sitt forslag om å utvide teknisk rom innenfor ramma vart til slutt vedtatt.

Ordvekslinga om utbygginga kan du lese nedanfor eller gå inn på Firdaposten si live oppdatering frå bystyresalen.

Sak om utbygging av Eikefjord skule tirsdag 7.desember 2010 18:59

19:02     Rådmann Terje Heggheim har ordet: - Det har kome spørsmål om momskompensasjon. Kjernen i svaret er at dersom 100 % av investeringa på 68 mill er momspliktig, kan bystyret redusere låneopptaket med effekten. Men det blir den nok ikkje. Då utgjer mva 13,5 million. Dersom bystyret nyttar momskompensasjon til finansiering av prosjektet, kan ein redusere låneopptaket tilsvarande. Men konkrete tal har vi ikkje før anbodsrunden er starta og tilboda kome inn.

19:03    Bengt Solheim-Olsen, H: - Det er viktig at barna har eit tilfredsstillande skulebygg i Eikefjord. Der er betydelege planar for bustadutbygging i Eikefjord, det er fornuftig å dimensjonere areal i tekniske rom for framtida. Med positiv tilflytting til området i framtida kan ein trenge større skuleareal. Den økonomiske situasjonen til Flora kommune gjer at kommunen ikkje kan delta i ein fleirbrukshall. Å få bytta ut dagens gymsal med ein hall hadde sjølvsagt vore positivt, men detet har vi ikkje råd til. Utbygginga er eit naudsynt prosjekt for Flora kommune

19:05    Åge Larsen, Ap: - Er glad for at vi har kome så langt med planane for Eikefjord skule, tilsette og elevar fortener dette. Eikefjord har sagt at dei vil jobbe for å realisere ein større idrettshall, det har ordføraren sagt ho vil hjelpe til med. Vi vil legge til eit pkt 4: det skal leggast til rette for ei framtidig utbygging

19:06    Solheim-Olsen, H: - For meg er det viktigast å få til eit framtidsretta vedtak. Eg veit ikkje kva det kostar å utvide det tekniske arealet, det er viktigast at det i framtida kan ta imot eit større bygg ved sidan av

19:07    Jan Arve Midtbø, V: - Vi var på synfaring på skulen, og alle såg at vi må oppruste skulen. Vi går inn for opprustinga innanfor 68 mill, men vi går imot fleirbrukshallen. Det har vi ikkje råd til. Vi vil ikkje flytte ungdomsskulen vekk frå EIkefjord, slik ryktene seier. Så høyrde eg noko eg vart overraska over. Skuffa over rådmannen. Han sa at han regna med at distriktsskulane skulle nedleggast når det vart opprusta skule i Eikefjord. Eg har ikkje sett det i noko papir. Dersom dette er forutsetninga, då føler eg meg ført bak lyset, seier Midtbø. Dersom vi spreier idrettsanlegga så veldig, då blir det vel eit i Norddalsfjorden og etter kvart Men vi må halde oppe Storhallen og satse på den, dei slit med drifta.  Vi vil bruke pengane på skulen. Vi må satse på Storhallen

19:11    Jacob Nødseth, H: - Om ungdomstrinnet i Eikefjord, så låg det i saka til formannskapet at om 3 år er det plass til ungdomsskuleelevane i Eikefjord på Flora ungdomsskule. Flora ungdomsskule er vel også dimensjonert for at det skal vere ein ungdomsskule i kommunen i framtida.

19:12    Jan Henrik Nygård, V: - Alle er innforstått med at Eikefjord skule må rehabiliterast. Eg reagerer på at det er så høge summar på sjølve bygginga. Så er det lista opp ein del utgifter som ikkje er med. Er ikkje dei inkludert i dei 68 millionane?

19:13    Terje Heggheim svarar: - Kva som er med og ikkje med i 68 mill? 68 mill er ei ramme bystyret har vedteke. Det er mykje som ikkje er inkludert i denne summen. Inventar, byggelånsrente, mange usikre moment. Er ein pluss-minus på 35 %. Ein minus er vel ikkje aktuelt. Det er bystyre si ramme, men pris er ikkje innhenta. Å flytte elevar til Flora ungdomsskule? Det er plass på skulen, men vil medføre ei klassedeling som vil gjere at vinninga går opp i spinninga. Eg vil ikkje tilrå det. Ein kan også sjå Brandsøy skule i forhold til Torvmyrane og Krokane, men også der ei klassedeling som gjer at der ikkje kjem ein stor økonomisk effekt. Eg såg også at Kultur- og oppvekstutvalet er sjokkert og provosert over at rådmannen ser dette i samanheng. Dette har bystyret gitt meg i oppdrag å vurdere. Bystyret gav meg i oppdrag å foreslå kutt på skule med 6,9 millionar. Eit samla bystyre ba meg foreslå kutt på 6,9 millionar kroner på skulesektoren. Og legg ein ned alle grendaskulane har ein ikkje oppnådd dette, på langt nær. Eg ber om at de tar innover dykk dei bestillingane de gir meg, og ikkje kritisere meg for det.

19:18    Ole Chr. Rynning, Sp: - Eg trur heile salen er klare på at skulen i Eikefjord treng rehabilitering. Når det gjeld mulegheiter for fleirbrukshall, så bør det tilretteleggast  med teknisk rom at det kan byggast. Det er 20 minutt frå Eikefjord til Florø, men det er mykje lengre å køyre frå dei omkringliggande grendene. Og som det er sagt her er det fleire store bustadprosjekt på gang, så flytting av ungdomsskulen bør ikkje vere tema

19:19    Bente Nilsen Halvorsen, SV: - Eg har sitte i plankomiteen for Eikefjord skule, det har vore spennande og lærerikt. Framlegget er veldig framtidsretta, ein skule som kan vare 50 år fram i tid. Det er skule ein må bruke pengar på

19:19[Kommentarer fra BrigtBrigt: ] Rådmannen sa på politisk dag 23. november: Utbygging av Eikefjord skule = nedlegging av utkantskuler. Det blir tull. Ein må klare å ha 2 tankar i hovudet samtidig og ikkje setje dette opp i mot kvarandre. Poenget til rådmannen no er at eit samrøystes bystyre har bedt han finne kutt på skulesektoren til 6,9 millionar kroner, og så får han kritikk frå dei same politikarane når han kjem tilbake med kuttframlegga

19:21    - Vi vil støtte forslaget om 2 mill ekstra til teknisk rom, slik at ein legg til rette for fleirbrukshall i framtida

19:22    Åge Larsen, Ap: - Det undrar meg  at SV no er ein forkjempar for grendaskulane, under førre rådmann ville dei legge ned alle skulane

19:22    Bjarne Holme, Frp: - Eg har også hatt gleden av å sitte i plankomiteen. Vi går også inn for ramma på 68 millionar kroner

19:24[Kommentarer fra Ola TeigenOla Teigen: ] Vil SV auke ramma til 70 mill?

19:24    Jan Henrik Nygård, V: - Angåande dei usikre postane, så forstod eg det slik at vi må vente til anboda kjem inn før vi veit sikkert.

19:24    Ola, hittil har Høgre og SV sagt at dei vil legge inn 2 mill ekstra ja, til tekniske rom

19:25    Rådmann Terje Heggheim: - Eg kan ikkje garantere at vi ikkje får anbod som er høgare enn 68 mill. Vi kan ikkje sei at tilbydaren skal bygge for 68 millionar, vi må sjå kva tilbod vi får inn. Kva leverandørverda er i stand til å levere

19:27    Berit Seljeseth Osa, H: - Når vi behandla saka i juni var det med eit punkt om vurdering av offentleg-privat samarbeid (OPS). Eg undrar meg over at rådmannen  meiner det ikkje passar i dette prosjektet. OPS ser bygging og vedlikehald i samanheng

19:27[Kommentarer fra Erlend BøeErlend Bøe: ] Høgre vil også auke ramma til 70 mill

19:28    OPS er  eti samarbeid mellom offentleg og privat sektor om eit prosjekt eller ein teneste, der privat sektor tar ein større del av ansvaret knytta til utvikling og/eller drift av prosjektet/tenesta. At kommunen meiner dette prosjektet er for lite for OPS, så kan det stemme. Men kommunen treng forutsigbarheit. Vi veit ikkje om her er firma som vil gå inn på dette før vi har hatt ei utlysing på dette. Det skin tydeleg igjennom at ein ikkje vil ha OPS, seier Seljeseth Osa. Vil ikkje Venstre legge til rette for framtida? For ei framtidig utviding av skulen?, kommenterer ho til Nygård sitt tidlegare innlegg

19:30    - Så vert det snakka om fleirbrukshall, idrettsanlegg, storhall. Det er ein stor gymsal på 18 x 33 meter som skal stette dei behova som faktisk er ved skulen i dag. Det er mange utfordringar knytta til den likkje gymsalen som er der i dag.

19:31    - Det vert omtala som ein konkurrent til Storhallen i Florø. Det er det overhovudet ikkje, avsluttar ho

19:31    Jan Henrik Nygård, V: - Utviding av teknisk rom handlar om fleirbrukshallen, ikkje om utviding av klasserom til elevar. Då må ein ha eit anna rom. Utvidinga det vert snakka om i dag handlar kun om fleirbrukshallen

19:32    Jacob Nødseth, H: - Det manglar ikkje på gode intensjonar og forslag vi får framlagt her i salen, men vi manglar pengar. Det er ikkje gitt at eg stemmer ilag med mi eiga gruppe i denne saka, så eg er glad for at vi skal ha gruppemøte. Florø er sentrum i kommunen, og har ein god del fellesfunksjonar. Det er ikkje gitt at vi skal ha ein filial av alt i Eikefjord. Eg blir provosert over at ein ikkje er nøgd med ei satsing på 68 millionar kroner i Eikefjord. Dette er ei alvorleg satsing i Eikefjord - eg kan ikkje skjønne noko anna. Bystyret legg til de grader til rette for dette med eit vedtak og ei ramme på 68 millionar kroner, seier Nødseth.

19:36[Kommentarer fra Anders HaaveAnders Haave: ] Bra Jacob heilt rett:)

19:38    Rådmann Terje Heggheim: - Når det gjeld punktet om OPS, så skulle den vore utgreidd like godt som dei andre punktene her i papirene. Vi har undersøkt saka, og vore i kontakt med aktørar, men vi meiner Eikefjord skule ikkje er det beste utgangspunktet for OPS. I dei fleste OPS-prosjekta er det nybygg. Men eg tar kritikken frå Seljeseth Osa, det kunne vore utgreidd betre.

19:39    Berit Seljeseth Osa, H: - Nettopp dette prosjektet med rehabilitering og nybygg er ein god kandidat til OPS. Vi treng forutsigbarheit.

19:39    Då er det ein kort pause

19:46[Kommentarer fra Anders HaaveAnders Haave: ] I Kommunen er det mange stader det ikkje har vore investert ei krone på fleire ti år, er heilt einig med Jacob at når Eikefjord får ein ny skule til rundt 70 mill. så må det vere flott.

19:50    Berit Seljeseth Osa, H, på talarstolen: - Vi har framlegg til nytt punkt; Høgre vil at utbygginga skal finansierast som eit OPS-prosjekt, utlysinga må skje snarast

19:51    Jan Henrik Nygård, V: - Kor lang tid vil dette forlenge prosessen, og kva vil det koste? Vi kjem til å gå for rådmannen sitt framlegg, viss det fell går vi på Ap sitt

19:51    Rådmann Terje Heggheim: - Vi meiner at OPS ikkje er egna her, det står vi ved. Vi kan legge fram meir dokumentasjon på dette. Eg tør ikkje sei kor mange månader OPS vil forseinke prosessen. Men det vil forseinke det

19:52    Berit Seljeseth Osa, H: - Eg trudde at prosjektet uansett måtte ut på anbod, uansett korleis ein finansierer det

19:52    Åge Larsen, Ap: - Her har vore mykje kritikk til rådmannen i dag. Men Ap vil ikkje gå for OPS

19:53    Ole Chr Rynning, Sp: - Vi går heller ikkje for OPS, men for Ap sitt, med punkt om tilrettelegging for tekniske rom innanfor ramma på 68 mill

19:54    Då blir det avstemming

19:55    Framlegg til vedtak frå Kultur- og oppvekst: falt mot 8 røyster (med 2 mill ekstra)

19:56    Ap sitt framlegg, med tilrettelegging av teknisk rom innanfor ramma på 68 mill. Vedteke mot 8 røyster

19:56    Punkt om OPS frå Høgre: mot Høgre sine 6 røyster

19:57    Det vil seie at det blir utbygging i Eikefjord for 68 millionar kroner, med tilrettelegging av teknisk rom med tanke på fleirbrukshall innanfor denne ramma.

19:57[Kommentarer fra BrigtBrigt: ] Kven er dei 8 stemmene?

19:57[Kommentarer fra Odd H E langøyOdd H E langøy: ] Korleis vil dei sikre kommunen imot å stå att med sluttseddelen om entreprenøren sprekker budsjettet med ti-talls millionar,slik det har skjedd med alle andre kommunale byggeprosjekt av noko størrelse?Det er vel kanskje ikkje viktig eller riktig å spør om dette?

19:58    Brigt, var Høgre og SV sine stemmer, minus Jacob Nødseth

19:58[Kommentarer fra tovetove: ] hvem er dei 8 stemmene

19:58[Kommentarer fra Ola TeigenOla Teigen: ] 8 røyster: er det sv sine 3 og høgre minus nødseth?

19:58    Heilt riktig Ola :o)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2