Statens vegvesen hadde onsdag kveld kontroll av tunge køyretøy bl.a. på Grov.
- Det mest graverande var eit norsk vogntog lasta med farleg gods, der seks av dekka på tilhengaren var slitne heilt ned på stålcorden, seier overingeniør Svein Arne Henjesand ved Statens vegvesen, Region vest. Vogntoget vart stoppa på Grov, og lasta det frakta var ein container med flytande gass. Vogntoget fekk køyreforbud, bot for manglande kjettingar og førar er meld til politiet.