2010-250_Romjulsleiva_gymsal_2Årets Romjulsleiv vert arrangert onsdag 29. desember!

I år er det 10-årsjubileum, og påmeldingane tikkar allereie inn. Av påmelde lag kan ein nemne Brekkehola, Kvalvika, Ausevika, Mona sitt lag, Skaret, Sørgarden 1 og Askrova!? Så her er det berre å hive seg rundt, få i stand eit lag, for deretter å ringje/sende SMS til Hotline 480 24 999 for påmelding.

ROMJULSLEIVA

Romjulsleiva er ei (u)høgtideleg fotballturnering som vart arrangert fyrste gong 29. desember i det herrens år 2001. Turneringa er tufta på mimring om Eikefjord skule og gymsalen der. Mange garva fotballspelarar sit att med opplevingar i frå gymsalen som er djupt spikra inn i sinnet. Einskilde i Eikefjorden med diagnosen posttraumatisk stressliding, har ved fleire høve nemd fotballspel i gymsalen som ein av faktorane som kan ha ført til lidinga. Historier om sveitte treningsøkter, finter med påfylgande strekk og taklingar opp i ribbeveggane så blodet sprutar er mange.

Romjulsleiva vert sjølvsagt spelt i gymsalen på skulen med små mål.

Reglane er som før:

Alder frå 15-100 år.  3 spelarar på bana til ein kvar tid.

Spelarane må komme frå eit geografisk område eller prove slektsforhald. Kjærast, trulova, gift, elskarar og hemmelege elskarar kjem og inn under kategorien slektsforhald. Arrangøren lovar full diskrèsjon rundt dette siste punktet.

Det kostar 100 kr pr spelar i påmeldings avgift.

Vinnaren i fjor vart Risetunet 2.2010-525_Romjulsleiva_risetunet-begge

Og Den Store vinnaren året før det var Skaret til 0,01 i odds ..

Pokalen har aldri vore sør om Søreelva, så det vert spanande å sjå om historia gjentek seg også dette året.

For fullstendig påmeldingsoversikt, samt info om dei ulike laga, sjå her!

Som før vert det bankett, etterfylgd av Quiz og Pubkveld seinare på kvelden.

2010-500_Romjulsleiva_gymsal

2010-500_Romjulsleiva_gymsal_3

2010-500_Romjulsleiva_gymsal_2

Altså, for påmelding og info  -  ring/send SMS til Hotline 480 24 999.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2